14 blei tekne på Karmøy, fem i Sauda, seks i Etne, fire i Ølen og fire på Stord i ein planlagd narkotikaaksjon i helga, skriv Haugesunds avis.

På Stord rykka væpna politi ut til bustaden til ein 45 år gammal kjenning av politiet.

— Det synte seg å vera ei rett vurdering, seier Dagfinn Torstveit, sjef for etterretningsseksjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Haugesunds Avis.

Ladd gevær I husværet til den 45 år gamle stordabuen fann politiet 30.000 kroner i kontantar og 75 gram hasj. Husværet var også fullt av knivar, og me fann også eit ladd gevær, fortel Torstveit.

Stordabuen sit i varetekt. Ein annan person på Stord vart teken med 300 tablettar med Rivotril.

- Ingen bygder er spart Totalt fann politiet 130.000 kroner i kontantar under aksjonen.

— Dette er pengar som vi meiner er planlagd brukt til narkotikahandel, seier Torstveit.

Han meiner aksjonen viser at de er eit stort narkomiljø i regionen og at ingen bygder er spart.