– Dette er den største summen Bergen har fått, og det er fordi Bergen no er inne i ei god utvikling. Rett nok har biltrafikken auka med 1,9 prosent frå 2006 til 2007, men i same tidsrom auka talet på busspassasjerar med 4 prosent, seier samferdsleministeren til bt.no.

Ho legg til at ein søknad med mykje godt innhald var med å dra opp sluttsummen. Navarsete nemner då særleg at Bybana er undervegs, at fylkeskommunen arbeider med planar om nye rutetilbod, og at kollektivtrafikken i Bergen og Hordaland står framfor innføring av eit nytt billettsystem.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen ser ingen grunn til å klaga, sjølv om søknaden dei sende frå seg i januar inneheld tiltak for i alt 56 millionar kroner.

– Det var vel omtrent som vi hadde venta. Kollektivtrafikken for 2008 er finansiert, så sjølv om vi fekk mindre pengar enn vi hadde søkt om, vert det ingen innskrenkingar, seier Paul M. Nilsen.

For 2009 lovar Liv Signe Navarsete mykje meir pengar.

– Klimaforliket som vart inngått tidlegare i år medfører ein mykje større pott til fordeling på dei store byane. Så då har Bergensområdet ein god sjanse til å få mykje meir enn i år.

  • Diskutér saka her!
- Bergen er inne i ei god utvikling, sier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.
Vegar Valde