Sidan onsdag 21. januar har vegen vore stengt på grunn av rasfare. I tillegg er det gått eit ras rett vest for Gullbrå som fysisk stenger den vesle bygda inst i Eksingedalen ute frå resten av verda.

Til saman 28 personar er dermed isolert, fem av dei barn.

— Vi lir ikkje naud, dei basale behova er dekka. Men vi byrjar å bli utrygge og oppgitte. Vi kjenner oss litt makteslause, for vi ser ikkje heilt enden på dette, seier Frøydis Gullbrå.

Gullbrå er lege, noko Vaksdal kommune er takknemleg for. Ordførar Eirik Haga seier situasjonen byrjar å bli anstrengt for dei isolerte.

SKULETRANSPORT: Torsdag, heim frå skulen, blei elevane transportert med snøskuter siste biten. Elevane måtte også vere postbud til dei innesperra. Sidan har alle vore isolerte. Frå venstre Olav Gullbrå, Idar Gullbrå, Mona Gullbrå, Vegard Gullbrå Tollefsen, Silje Gullbrå og Bjarte Gullbrå.
Frøydis Gullbrå

— Folk i Eksingedalen er eit hardført folkeslag. Dei har vore ute ei vinternatt før. Men dei ønskjer først og fremst at vegen skal bli opna, seier Haga.

Kommunen har auka beredskapen og samarbeider med Raude Kors og naudetatane. Raude Kors skal sette ut ein pasientslede med redningsutstyr, i tilfelle akutte helseproblem.

- Større risiko å halde stengd

Måndag skal geolog, politi og Vaksdal kommune igjen møtes.

— Det var geolog staden søndag, og det blei funne ut at det ikkje var forsvarleg å rydde raset i dag. Vi gjer ei ny vurdering i morgon. Vegen kan bli stengt i fleire dagar, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Frøydis Gullbrå og dei andre i bygda set si lit til at det blir ei løysing måndag.

— Som helsepersonell vurderer eg det som ein større risiko å halde vegen stengt enn å la vegen vere open når det går så lang tid. Jo fleire dagar, jo større sjanse for at det skjer noko. Det er eldre folk her. Ikkje alle som er like spreke, seier Gullbrå.

Hennar familie har framleis litt mat i frysaren. Ferskvarer som mjølk er det verre med.

— Kjøleskapet er tomt for salat, for å seie det slik. Vi har kanskje ei gulrot igjen.

SNØKRAFT: Raset sett nedanfrå.
Frøydis Gullbrå

Rasfaren som aukar

Det er fire gardsbruk med dyrehald innanfor raset og rassperringane. Leif Kåre Ekse har 210 sauar. Han har kraftfôr til dei til fredag.

— Det går bra med oss, men vi lever i uvissa. Vi veit ingenting om kva som skjer, seier han.

Ekse bur ikkje innanfor raset som er gått, men kjem seg likevel ikkje ut på grunn av at vegen er stengd på grunn av rasfare.

— Eg reknar med at geologen framleis vil konkludere med rasfare. Det vil uansett vere rasfare her heilt til våren. Det har vi alltid levd med, seier Ekse.

Han stussar på korleis det skal gå no: Då rasfaren stengde vegen, var det 17 kuldegrader. No blir det rundt null.

— Då aukar rasfaren betrakteleg. Eg byrjar å lure på om det i det heile tatt vil opne i vinter. Rasfare har vi alltid levd med, seier han.

Straumen var borte to timar i Eksingedalen søndag. Då streika og ISDN-telefonane. Sidan Gullbrå og Ekse ligg i mobilskugge, er telefonlinja den einaste kommunikasjonskanalen ut.

Snørekorden

Pensjonist Ingunn Gullbrå driv vêrstasjonen i Gullbrå. Søndag, midt i isolasjonen, kunne ho melde om snømengder som gav ny januarrekord for snø i bygda. Til saman 188 centimeter ligg på bakken.

— Det er mykje så tidleg på året. 2,22 er rekorden for heile året, seier Ingunn Gullbrå.

OPPDRAG SNØRAS: Elevane på Gullbrå fekk i oppgåve å lage reportasje frå raset. Frå venstre Idar Gullbrå, Vegard Gullbrå Tollefsen og Silje Gullbrå.
Frøydis Gullbrå

At dottera Frøydis er lege, syns ho er betryggande.

— Det er mange her som ikkje kjem seg på arbeid på Voss og Modalen. Og det er elevar som ikkje kjem seg til skulen. Men dei har ordna seg med oppgåver på dataen.

Fredagshandelen som gjekk skeis

Sidan næraste matbutikk ligg noko unna, brukar mange å handle inn vekentleg – typisk på fredagen. Det gjekk ikkje denne gongen.

— Då vi ringde rundt, fortalde mange at dei byrja å gå tom for mat. Om vegen blir stengd vidare, må vi få inn forsyningar på ein eller annan måte, seier ordførar Eirik Haga.

Helikopter er eit alternativ, men vêret avgjer.

— I dag kom det ein halv meter snø og det er mykje vind. Det er ikkje så lett å lande, seier Haga.

Litt på lur

For Ingunn Gullbrå inneheld frysaren framleis litt mat.

— Vi er jo ikkje vant til å ha butikk, så vi må ha litt på lur. Eg har budd på Gullbrå i 40 år. Vi har levd med denne rasfaren heile tida, seier ho.

— Ordføraren seier de er hardføre folk?

— Det trur eg vi er. Men det er alltid ein risiko å køyre på slike vegar. Det har ikkje vore så artig å sende skulebarna nedover.