35-åringen frå Stryn som står tiltalt for befatning med over åtte kilo amfetamin hadde ein frenetisk aktivitet på mobiltelefonen.

Det har fått 28 personar domfelt så langt, sa statsadvokat Bjørn Soknes under si innleiing i straffesaka mot mannen som starta i Fjordane tingrett i Førde i dag.

Vinteren 2005-2006 registrerte politiet den mistenkte 35-åringens telefontrafikk over 76 dagar. I denne perioden hadde 35-åringen over 16.000 samtalar og sms’ar ut og inn, ei rekke av dei frå personar som var kjent for politiet frå tidlegare narkosaker.

-Utfrå dette fekk vi rettsleg løyve til å avlytte telefonen hans. På 12 dagar i januar og februar 2006 hadde han over tre tusen samtalar, altså ein voldsom telefonaktivitet. Vi oppretta sak mot 28 av dei personane han hadde kontakt med, og samtlege av desse er no domfelt, sa statsadvokaten.

Både 35-åringen, mor hans og ein 31-åring sit på tiltalebenken i saka, som ifølgje politiet er den største narkosak i Sogn og Fjordane nokonsinne.