Politiet meiner han gav falskt alibi til mannen som er sikta for å ha teke livet av Hedda Karterudseter. Mannen, som er arbeidskollega med 35-åringen som er sikta for forsettleg drap, blei arrestert i går. Etter det Bergens Tidende kjenner til blei han pågripen på arbeidsplassen.

26-åringen sat i går kveld i lange politiavhøyr. Politiet nektar å kommentere siktinga.

— Av omsyn til etterforskinga må vi halde korta tett til brystet, seier politiadvokat Knut Broberg.

26-åringen har tidlegare forklart politiet at han såg den sikta i matkø ved ein kebabkiosk i Fjøra, sentrum i Sogndal. Dette skal ha vore like før klokka 02 natt til torsdag for ei veke sidan, same natta som 19-åringen blei kvelt.

Fleire andre har fortalt at dei såg den sikta gå frå studentutestaden Meieriet saman med Hedda Karterudseter, rundt eller like etter 01.30.

Etter å ha avhøyrt andre vitne om kven som var ved kebabkiosken, meiner politiet dei har plukka kollegaens forklaring frå kvarandre.

For ingen andre kan hugse å ha sett mannen som er sikta for forsettleg drap der. Politiet meiner difor 26-åringen har forklart seg falskt, og på den måten hindra etterforskinga.