Promille under 0,5 er straffbart, men kan ikkje kvalifisere til like stor bot som over 0,5, slår Sunnfjord forhøyrsrett fast.

Målt til 0,22 promille

Den 22 år gamle sunnfjordingen erkjente å ha køyrt med lavpromille, men nekta å vedta ei bot på 25.000 kroner. Og i retten var det påtalemakta som fekk på pukkelen då 22-åringen fekk redusert bota til 5000 kroner.

— Bota frå påtalemakta er sett vesentleg for høgt, slår Sunnfjord forhøyrsrett fast i ein domsslutning retten formeleg slaktar politiets vurderingar.

Det var natt til laurdag 4. mai i år at 22-åringen drakk nokre halvlitrar pils på ein utestad i Bremanger. Den påfølgjande morgonen køyrde han bil, og vart stoppa klokka 10.40 og målt til 0,22 i promille.

I retten forklarte 22-åringen at han fekk sjokk då han vart konfrontert med promillekøyringa, men innser i ettertid at det var aktlaust å køyre bil såpass tidleg etter alkoholkonsumet. Overfor retten erkjente han såleis straffeskuld, men meinte at bota var sett altfor høgt.

Ikkje vurdert i Høgsterett

Det siste fekk 22-åringen fullt medhald i då han troppa opp i forhøyrsretten.

Ved promillekøyring er det heilt normalt å idømme fengsel pluss halvanna månadsløn eller minst 10.000 kroner i bot. Forhøyrsretten slår fast at politiet ikkje kan bruke denne tommelfingerregelen i ei lavpromillesak som dette.

I odelstingsproposisjonen som kom i forkant av den nye promillegrensa i 2001, heiter det at bøtenivået bør ligge på eit snitt mellom 6000 og 8000 kroner ved promille på under 0,5.

— Retten finn det betenkeleg at påtalemakta ikkje har tatt omsyn til dette, heiter det i slutninga frå Sunnfjord forhøyrsrett. Bota på 25.000 kroner i ei slik sak ligg langt over vanleg praksis i andre politidistrikt, der det normale er 5000 kroner.

Etter departementets forarbeid til den nye promillelova skal bøtenivået ligge meir fast ved lavpromille, og ikkje reknast ut frå syndarens bruttoinntekt.

Straffenivået ved lavpromille mellom 0,2 og 0,5 har så langt ikkje vore gjenstand for vurdering i norsk Høgsterett.