Bonden i 30-åra er bøtelagt for brot på forureiningslova og husdyrgjødselforskrifta for "å ha hatt, gjort eller sat i verk noe som kan medføre fare for forurensing (...)".

Det var om kvelden søndag 3. november i fjor at bonden slapp meir enn 200 kubikkmeter husdyrgjødsel iblanda vatn ut i vassdraget ein stad mellom Sande og Osen bru i Gaular kommune.

Gjødsla vart ført i rør frå bondens gjødselkjellar og ut i den velrenomerte lakseelva etter at det var blitt mørkt den aktuelle kvelden.

Mannen har vedteke bota.