Fredag handsama styret nye verkstadsinvesteringar og utviklingsprogram for verksemda. Det vart då bestemt at Aker Stord skal byggast ut for 250 millionar kroner.

I første omgang skal det invisterast 80 millionar kroner på å effektivisere produksjon og arbeidstilhøve for dei tilsette. Det skal byggast to nye kontor— og garderobebygg ved sidan av plateanlegget på anlegget. Samanstillingshallen skal få vegg rundt heile seg, og det skal byggast ventilasjonsanlegg.

I tillegg ønskjer Aker Stord å gjere produksjonslinja enno betre. For at det skal lukkast, må det byggast ein ny modulhall og eit nytt rør- og brennverkstad. Det skal også sytast for at enno større båtar skal kunne byggast, ved å auke løftekapasiteten til den store krana til 600 tonn. Totalt kjem dette til å kosta ærare 170 millionar. Denne utbygginga ligg framleis på teiknebrettet.

Til saman planlegg Aker Maritime å bruke rundt ein halv milliard for å effektivisere ingeniørarbeidet og arbeidsprosessane internt.