Det er morgonen den 18. april. Møtet med Stiftamtmannen skal snart koma ut av kontroll. To tusen strilar er komne til byen for å få svar frå kongens mann. Året er 1765 og Bergen er i sjokk.

For tredje gong denne morgonen dundrar strilane på Stiftamtmannens si dør. Han bur i det som i dag vert kalla Hagerupgården like ved det gamle rådhuset. Dei to førre delegasjonane har gått fredeleg derifrå, men no er stemninga ei anna. Når dørene vert opna, trengjer mellom tolv og fjorten menn seg inn før dørene vert slått igjen.

Skremte borgarar

— Det var ein ekstremt skremmande situasjon at så mange bønder kom til byen, seier Bjørn Arvid Bagge, historikar ved Spesialsamlingane på universitetsbiblioteket.

Han fortel Bergen var ein verdsby med heile 13000 innbyggjarar. Byfolket følte seg av høgare rang enn bøndene. Det var eit sjokk å oppleva at strilane klarte å mobilisera på dette viset.

Vi kan i dag lesa om hendingane denne aprildagen i stor detalj. Ein kommisjon vart sendt frå København for å finna bakgrunnen for det som hendte. Dei produserte ein omfattande rapport som skildrar hendingane og som også gir oss innblikk i livet i byen og blant strilane.

I 1920 gav ut Bergen Historiske forening ei bok om hendingane, skriven av historikaren Georg Sverdrup. Dagens historikarar har andre formidlingskanalar. Statsarkivet og Universitetsbiblioteket har samarbeidd om ei digital utstilling. Her kan du lesa alt om dei dramatiske hendingane.

Ekstraskatt med forviklingar

Det var urolege tider i Europa. Kongen i København såg seg nøydd til å bruka store summar på militærstellet. Gjelda vaks og gode råd var dyre. Kongen skreiv i 1762 ut ein ekstra skatt som alle i Danmark og Norge skulle betala. I Norge måtte alle over 12 år, uansett inntekt eller formue betala 1 riksdalar årleg til Rentekammeret i København.

Dette vekte protestar i begge land og det byrja å koma nye meldingar, eller forordningar, frå kongens by. No skulle dei fattigaste sleppa å betala, men berre om dei rike i området betalte skatten for dei fattige også. Dette vart praktisert på ulikt vis, rykta byrja å gå og det dukka dessutan opp falske forordningar. Mistydingar og uvisse breidde seg.

I Nordhordland var det stor fattigdom på denne tida. Mange hadde lite og ingenting å betala med. Til slutt vert dei militære sendt for å driva inn pengane. Dei gjorde også alt verre med å rekna seg eigne gebyr på toppen av skatteskulda. Litt som dagens inkassoselskap, altså.

Hard innkreving

— Vi har groteske eksempel på korleis familiar mista livsgrunnlaget etter denne harde innkrevjinga. Dei kunne ta robåten frå fiskarbonden, gryta familien kokte i. Ein stad var far ute på fiske då innkrevjarane kom. Då tok dei med seg «underdynen» dei tre barna sov på, fortel Bagge.

Lensmannen tok båten og gryta frå Jens Nielsen Hommelsrud, «som var alt denne husmann eiet», skriv Sverdrup i si bok. Men ein annan mann, Salomon Torkildsen, betalte skatten med 1 riksdalar slik at Hommelsrud «kunde beholde gryten til at koke sin mat i og baaten til sin næring, da han hadde hustru og fire barn.»

Kongen gjekk klar

Men sinnet retta seg ikkje mot kongen, fortel Kenneth Bratland, historikar ved Statsarkivet i Bergen.

— Folk kunne ikkje tru at den harde skatten var bestemt av kongen i København. Dei mistenkte embetsmennene for å leggja ekstraskatten på fattigfolk og etterpå dela pengane seg imellom, seier Bratland.

Det fans enno ingen aviser som kunne fortelja om det som skjedde. Folk kjøpte brev som gav ut seg for å vera kopi av ekte dokument som verserte i embetsverket. Nokre falske forordningar skapte særleg mykje uro. Det kunne stå at berre personar med verdiar over 300 riksdalar skulle betala ekstraskatten.

HAGERUPGÅRDEN: Her budde stiftsamtmann Ulrik Fredrik Cicignon då strilane kom.

I mars reiste derfor ein delegasjon på 200 mann frå strilelandet til Bergen for å treffa stiftsamtmann Ulrik Fredrik Cicignon. Dei ville sjå svart på kvitt forordningane han hadde fått frå København. Det utvikla seg fort til eit kaos der strilane ikkje var samde om kva forordning dei forlangte å sjå. Dei hadde fleire falske dokument dei meinte måtte visast fram.

— Greb ham i haaret

Cicignon foreslo at eit klageskriv dei hadde med skulle sendast til København. Om ikkje det førte fram, meinte han at bøndene kunne velja «et par fornuftige mænd af hvert skibrede» som kunne reisa til København med klagemåla.

Strilane gjekk derifrå, men forstod fort kor tomhendte dei var, i fylgje Sverdrup. Snart var dei på ny utanfor Hagerupgården. Denne gongen ikkje så edru som tidlegare på dagen, om vi skal tru det stiftsamtmannen skreiv seinare.

Han fortel han stod i to timar og ropte for å bli høyrt. Igjen forsikra han at han ikkje lurte dei for pengar. Då han ville gå inn, vart trappa blokkert av dei arge strilane.

«...een i blant dem bag min staaende Person, trækker mig bag i Kiolen, mod hvilken eg mig hurtig snuede, greb ham i haaret og tiltalte ham med disse Ord: Din Knægt, vil du understaae dig at vægre mig i mit eget Huus at gaae frit hvor eg vil?», kan vi lesa i det han har skrive.

Opprøret

Til slutt vart strilane drivne vekk av soldatar med hogg og slag. Det store prosjektet enda med blod og fornedring. Vonbrotet må ha vore stort.

Den harde militære innkrevjinga vart etter ei tid stoppa. Men då det var snakk om å starta opp igjen, vaks sinnet på ny blant strilane. Noko svar hadde ikkje kome frå København heller. Det ulma i blant folket nord for Bergen.

Kommisjonen fann aldri ein leiar for opprøret, eller nokon som var ansvarleg for mobiliseringa. Den 18. april reiste likevel rundt 2000 personar frå dei karrige bygdene og småbruka i Nordhordland til Bergen. Denne gongen skulle det ikkje enda som i mars.

Morgonen den 18. april fyllte strilane Bergens gater. Byens mange lause fuglar heiv seg også med i oppløpet som utvikla seg den formiddagen. I Hagerupgården hadde folk trengt seg inn til stifsamtmannen.

Basketak

Inntrengjarane ville ikkje høyra på utflukter. «Nu skal du skaffe os Ræt. Derfor er vi kommet», proklamerte dei i følge kommisjonens rapport. Stiftsamtmannen prøvde å snakka dei til rette, men utan hell. Det eine ordet tok det andre. Ein gammal bonde kalla Cicignon for kongens tjuv.

KOMMISJONENS RAPPORT: Strilekrigen er beskriven i stor detalj.

Stiftsamtmannen greip etter kården sin, men det vart som eit signal til strilane om å gå frå ord til handling. Det vart eit basketak der den høge herrens mista både hatt og parykk, kleda vart rivne til skjorta. Ridderband vart rivne av og det betydningsfulle ordensbandet vart også rive sund. Ein mann tok tak i stiftsamtmannens ansikt slik at tommelen kom inn i munnen. Då tenarane kom han til hjelp, vart det rive litt hud slik at Cicignons blod begynte å renna. Han vart berga inn i neste rom, men var ikkje trygg lenge.

Fut og stiftsamtmann

Snart etter vart huset fylt av dei som hadde fått hendene på futen Bildsøe. Den upopulære mannen hadde fått gjennomgå mykje meir enn Cicignon. Han var dradd gjennom gatene i byen til Hagerupgården. Her vart huset gjennomsøkt frå loft til kjellar, men stiftsamtmannen hadde gøymt seg i hagen.

Då han vart funnen, var menneskemassen så opphissa at mannen frykta for sitt liv.

— Det var verkeleg ein livsfarleg situasjon for stiftsamtmannen. Då folk gjekk til angrep, kryssa dei ei grense. Men så var det ikkje fleire grenser å kryssa. Det var ingenting som sa kor dei skulle stoppa, meiner Bagge.

Cicignon visste han var i fare og ropte desperat ut til folket at dei skulle få alt dei hadde betalt i ekstraskatt tilbake.

Dette overraska folkemassen og opprøret skifta straks retning. No skulle stiftsamtmannen og futen haldast fanga til neste dag då pengane skulle betalast ut.

Tilbakebetaling

Byen rådde ikkje over stor nok ordensmakt. Nokre få soldatar var ikkje nok til å stagga 2000 sinte strilar. 9300 riksdalar vart betalt tilbake til opprørarane dei neste dagane. Strilane reiste etterkvart heim igjen. Og byen fall til ro.

I juli kom kommisjonen til Bergen for å undersøkja det som hadde hendt. Men dei kom ikkje åleine: 400 soldatar og to krigsskip vart sendt frå hovudstaden. Opprøret hadde skremt styresmaktene og dei tok ikkje sjansen på at det skulle blussa opp igjen.

Dei høge herrar frå København gjorde eit grundig arbeid. Dei ville finna ut kva som utløyste opprøret, for dette ville ein ikkje ha meir av.

Oppgjer og symfoniorkester

Strilane måtte betala inn det dei hadde fått ut. Skatten vart kravd inn igjen året etter. Fire mann vart utpeika som hovudmenn under opprøret og dømt til døden. Seinare vart dei benåda og måtte sona som slavar på festninga. Futen døydde året etter opprøret, sannsynlegvis på grunn av skadane han fekk under mishandlinga.

Stiftsamtmannen hadde blitt handsama slik det ikkje høvde seg for ein i slik høg stilling. han sendte derfor ut eit forbod mot å snakka om det som hadde hendt. Men han var ein gammal mann og sa frå seg stillinga. Han flytta til Danmark og budde der si siste tid.

Nasjonen Norge fekk også merka Strilekrigen. Det vart innført forbod mot folkemøte. Eit forbode som stod til 1841.

— Men det store paradokset er jo pengebruken til kommisjonen, seier Bagge.

Dei brukte 11000 riksdalar på festar dei månadene dei var her, mens heile ekstraskatten som striden sto om, var berre 9300. Det heile gjekk altså med eit ganske stort underskot.

Et orkester som spelte for kommisjonen, vart etablert som byens filharmoniske orkester. Bergen Filharmoniske orkester har derfor også 250 års jubileum i år.

FORSAMLINGSFORBODET: På dette oppslaget vert det gjort kjent at det no er forbode for folk å samla seg. Forbodet kom etter Strilekrigen og gjaldt heile landet.
Jo Hjelle