Politiet stadfester at det var den 24 år gamle Magnus Ohren frå Oppdal i Sør-Trøndelag som omkom i trafikkulykka i Naustdalstunnelen 16. mai.

Ohren var i distriktet i jobbsamanheng, og deltok på eit kurs i Florø. Ulykka skjedde ved 20-tida fredag kveld.

– Heldt høg fart

– Vi veit ikkje kvifor ulykka skjedde, men vitne på staden har gitt opplysningar til politiet på staden om at bilen heldt høg fart, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Også spor på staden tilseier at bilen har hatt høg fart, ifølgje politiet. I forkant av ulykka køyrde personbilen forbi eit vogntog inne i tunnelen.

Køyrde i fjellveggen

– Eit einsleg køyretøy køyrde i fjellveggen cirka 100 meter frå tunnelopninga på Naustdal-sida, sa operasjonsleiar Inge Værøy til bt.no etter ulykka.

Det var ein person i bilen som var på veg i retning Naustdal. Personen vart frakta i helikopter til sjukehus, men livet stod ikkje til å redde. I 21-tida blei mannen erklært død.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 20.16, og riksveg 5 mellom Naustdal og Eikefjord blei stengd etter ulykka.