Difor vert ingen overraska når fylkesrådmann Paul. M. Nilsen onsdag 3. oktober foreslår dette i forslaget til fylkesbudsjett for 2008.

Men dette er også det einaste fylkesrådmannen vil ut med før heile budsjettforslaget vert gjort offentleg ut på onsdagen.

Paul M. Nilsen legg likevel til at han legg fram eit positivt budsjett for neste år. Dei tronge tidene ligg attom. Dette har har gjort det mogleg for fylket å satsa meir på kollektivtrafikken enn tidlegare.

Sparar på anbod

I tillegg kjem innsparingane frå konkurransen i kollektivtrafikken. Men utslaga her er små så langt, fordi dette er heilt i starten. Likevel er det for 2008 rekna med innsparing på 15 millioner kroner etter at busselskapet Concordia vann anbodskonkurranse om rutene i Sunnhordland.

Med den satsinga fylket legg opp til i kollektivtrafikken, går alt som vert spara inn gjennom anbod med til å dekka auka utgifter for å betra tilbodet til brukarane, opplyser fylkesrådmannen.

Mange lovnader Korleis fylket si kollektivsatsing vil sjå ut i 2008, vert ikkje endeleg kjent før budsjettet er vedteke i desember. Men dei politiske partia i fylkestinget lova både det eine og det andre føre valet i september. Her er nokre smatebitar:

Høgre vil innføra minstetakst, 23 kroner, i alle kommunane som har felles grense med Bergen. Det betyr minstetakst i 10 kommunar.

Dei raudgrøne (Ap, Sp og SV) vil halda på ein takst i Bergen. Dernest vil dei utvida sona med minstetakst til omlandskommunane, slik at den også omfattar pendlartrafikken.

Frp vil halda på ein takst i Bergen, men har ikkje teke standpunkt til korleis sonene skal regulerast utanfor byen.

Kristeleg Folkeparti vil utvida dagens sone med minstetakst i Bergen til dei store sentra i omlandskommunane.

23 KR: Alt tyder på at det blir bussprisen også i 2008.
Sunde