Ein 22 år gammal student frå Haugesund var på veg til lærarhøgskulen på Stord då det tok fyr i bilmotoren 300 meter før utløpet av Bømlafjordtunnelen på Stord-sida.

Han sprang til nærmaste varslingstelefon og pulverapparat, og fekk sløkkt brannen sjølv etter nokre minutt. Sjåføren fortel til Bergens Tidende at han har øvd på sløkking av motorbrann i militæret.

Full alarmn

Det blei slege full alarm hos politi, brannstell og ambulansar på Stord då 22-åringen melde brannen om lag klokka 8.30. Men før dei seks-sju utrykkingskøyretøya var framme i tunnelen, hadde 22-åringen sjølv fått kontroll med flammane under panseret.

Den 7,6 km lange undersjøiske tunnelen i Trekantsambandet blei stengt for trafikk berre om lag eitt kvarter. Det har vore fleire motorhavari og ein kollisjon i tunnelen som opna for trafikk i romjula 2000, i dag skjedde den første bilbrannen, som kunne ha utvikla seg til brannvesenets mareritt.

Den 22 år gamle studenten trur at brannen starta fordi bilen gjekk tom for olje. Han fekk skyss vidare til lærarskulen med politiet.

TUNNELBRANN: Den 15 år gamle Golfen fekk utbrent motorrom. Den 22 år gamle sjåføren hindra ein større brann med rask innsats med pulverapparatet.
FOTO: OVE OLDERKJÆR