Mannen skal ha falt ned ei kjellartrapp om natta, eit fall på om lag to og ein halv meter. Ved eiga hjelp har han klart å kome seg opp på plenen. Fleire timar seinare blei han funnen og send til Haukeland Universitetssjukehus med store hovedskader. Mannen døydde på sjukehuset måndag føremiddag, ifølgje NRK Hordaland.

— Så langt ser det ut som ei ulukke, seier lensmann Terje Kvalvik i Kvam til bt.no.

Øystese var åstad for festivalen Bygdalarm i helga. Ulukka skal ha skjedd i etterkant av arrangementa. Mannen skal ha vore åleine då ulukka skjedde, og det skal vere grunnen til at han ikkje vart funnen før mange timar seinare.