Kapasiteten til desse hjula svarar til 534 trailerar.

– Eg vil påstå at dette er ny verdsrekord i flytting med hjul på landjorda, seier Ove R. Ingvaldsen i Sarens til avisa Sunnhordland. Geir Tornes i Aker Solutions nikkar. Dei to har samarbeidd om dette i to og eit halvt år. Dei har ikkje nokon gong høyrt om tyngre flytte— eller løfteprosjekt som har trilla på hjul.

Adrenalin

Ingvaldsen vedgår at det er dårleg med nattesøvn når eit slikt løft er i gang. Han kjenner adrenalinet pumpa når enorme modular er i siget.

– Korleis styrer ein 2136 hjul?

– Med eit styretablå. Det er som å køyra ein stor leikebil, seier han og ler litt. Hjula står side om side på 534 akslingar. Verktøyet er hydraulikk og elektronikk. Med i sjølve flytteprosessen er kring 40 personar. Joysticken vert styrt av ein belgiar frå Sarens sitt hovudkontor. Den Stord-bygde prosess- og utstyrsmodulen på 12 000 tonn er løfta, snudd 90 grader og køyrd ut på lekteren i dokken Aker Stord. Slikt tek eit par dagar.

– Det er fascinerande og spennande når ein endeleg kjem til sjølve utføringa, seier Anne K. Walter. Ho er fungerande prosjektleiar for «Gjøa». Det er ikkje tilfeldig at det store løftet er gjort i ferien. Alt anna vert lagt til side. Alle har intenst fokus på det som skjer, og særleg på tryggleik.

– Det er forarbeidet som er grunnlag for suksess, seier Geir Tornes. Han tenkjer òg på samarbeidet. Det nyttar ikkje å setja i gang med slike operasjonar utan eit godt samarbeid mellom alle involverte.

Rekord i fjor òg

Ove R. Ingvaldsen fortel at Sarens løftar ikkje berre plattformer. Det flyttar like gjerne bruer, vindmøller eller hus eller kva det skal vera. Selskapet Sarens har norsk hovudkontor i Verdal.

– Har de løfta andre store ting på Stord?

– Å, ja. I fjor og i forfjor då me løfta dekka til Aker H-6e-riggane med jekkar montert på åtte høge løftetårn. Det var òg verdsrekord, seier Ingvaldsen og Tornes.

– Korleis kjennest det å vera verdas sterkaste?

– Jo, det kjennest greitt!

Les også:

Store og tunge modular

Lagar solide helikopterdekk

Toppår for Leirvik MT

Ove R. Ingvaldsen og Geir Tornes i godt samarbeid om puslespelet "Gjøa".
INGVILD SJO