Hovedårsaka til denne reduksjonen var vinterteljingar som viste ein lågare bestand enn tidligare. Kvoten for 2001 vart difor sett ut frå forventa kalvetilvekst, og med mål om at jakta ikkje skulle redusere eller auke vinterstamma i vesentleg grad.

Tilveksten i sommar var forholdsvis høg, og kalveteljing viste at den var på minimum 1800 kalv. Med ei felling på 2125 dyr er stamma ikkje endra vesentlig, og dermed er målsetjinga nådd.

Under jakta i år spreidde reinen seg over store deler av Hardangervidda. Det vart felt rein på områder der det ikkje har vore felling på over 20 år. Høgste felling var det i kommunane Vinje og Nore og Uvdal, skriv nettstaden Hardangerportalen.

2125 DYR SKUTT: Under jakta i år spreidde reinen seg over store deler av Hardangervidda. Det vart felt rein på områder der det ikkje har vore felling på over 20 år. Arkivfoto: BT.