2064 har skrive under på at dei er imot at Karmsund ABR-Senter får etablera seg på Litlabø.

— Bygdene har aldri vore så samansveisa i ei sak. Me er overvelda over at så mange har støtta aksjonen, seier Terje Angen som sit i styret for aksjonskomiteen.

Både rådmann og ordførar konstaterte at motstanden er kraftig.

— Eg vel å sjå på 2064 underskrifter som eit klårt signal på at Litlabø ikkje vil ha Karmsund ABR-Senter. Folk i området må likevel ta sin del av rusmisbrukarar, sa ordførar Rommetveit til dei to bodbringarane frå Litlabø.

Han sikta til den nye rusreforma som vil gje Stord kommune større ansvar for å ta hand om rusavhengige.

Kommunen rår grunnen under Litlabø kurs- og treningssenter og eig ein tredjepart i stiftinga som i dag driv senteret.

— Eg trur ikkje stiftinga vil våga selja til eit formål kommunen ikkje støttar. Ikkje minst sidan kommunen må omregulera tomta, sa rådmann Martin Dahle og gav dermed aksjonistane eit halmstrå å klamra seg til.

Ei omregulering av tomta kan ta mellom seks og ti månader.