— Me har video som viser vedkomande kl 17.50. Mannen har vore i butikken og må ha kome seg inn på kontoret derifrå, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Atle Jansen.

Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 18.32. I følgje butikksjefen skal det ha vore om lag 20.000 kroner på kontoret. To tilsette saknar i tillegg lommebøkene sine.

— Mannen me ser på opptaket, er ikkje ein kjenning av politiet. Det kan sjå ut som om han er av utanlandsk opphav, seier Jansen. Han oppmodar mannen om å melda seg sjølv.