Nesten samtlege lærdølar, folk frå nabokommunane og tilreisande som har vore pasientar ved Lærdal sjukehus. Alle var møtt opp for å gå i fakkeltog for å vise kva sjukehuset i Indre Sogn betyr for dei.

— «Bol-shit» Helse Førde

Sogningane er både sinte og fortvila, og spara ikkje på krutet då dei skulle vise kva dei meiner om styret i Helse Førde som har gått inn for å kutte i drifta for å spare pengar.

«Bol-shit, stanken er ufordrageleg», med klar adresse til Helse Førde-direktør Jon Bolstad, var ein av parolane i fakkeltoget, som gjekk frå Lærdalsøyri og dei nærare to kilometerane opp til sjukehuset.

«Helse Vest er Helse Verst», var ein annan, og viste til avgjerda om å granske Lærdalssjukehuset og proteseinnkjøpa der.

«Dra te` helvete med Helse Førde, på kjøpet ta med Helse Vest», sang Leikanger mannskor til stor applaus.

Tøff i ordbruken var også Lærdalsordførar Knut O. Aarethun, som har kalla måten granskinga blei offentleggjort på for «ein drittpakke». Før han snakka til demonstrantane i går kasta Aarethun jakka og bretta opp skjortearmane.

– Trur vi klarar det – Eg er viss på at sjukehuset ville vore berga viss ikkje møtet med Sylvia Brustad hadde blitt avlyst. Eg har levd ei stund som politikar, men dette er det verste eg har opplevd. Eg er både forbausa og forbanna over det spelet vi har sett dei siste dagane, seier Aarethun.

No vil han be om nytt møte med helseministeren for å komme Helse Førde i forkjøpet.

Aksjonsleiar Bente Øien Hauge i organisasjonen Forsvar Lærdal sjukehus var rørt og overvelda over den store responsen.

– Det har vore ei uroleg og tøff tid for alle, og eg trur det vil bli reaksjonar mot Helse Førde og Helse Vest etter det som har skjedd dei siste dagane. Men eg trur vi klarar å berge sjukehuset.

PAUL SIGVE AMUNDSEN
PAUL SIGVE AMUNDSEN