I går rådde Ansgar Gabrielsen årdølane til å tenke omstilling framfor modernisering. Til BT seier næringsministeren at regjeringa berre må akseptere Hydros nei-standpunkt.

Det var i sin appell under gårsdagens massemønstring i Årdal at næringsministeren gav klart uttrykk for at han meiner politikarane lite kan gjere for å snu Hydros planar for aluminiumsverka i Årdal og Høyanger. Produksjonshallane med den forelda Söderberg-teknologien må koplast ut om tre år.

— Eg skjønar reaksjonane som kjem, men vi som politikarar må ta situasjonen til etterretning, sa Gabrielsen framfor nesten 2000 kamplystne årdølar på torget på Årdalstangen.

Frå lensmann til arbeidar

Plakatar som « Søv du godt Reiten?», «Skam deg Reiten» og «Vi veit kor du bur, Reiten» var mellom parolane skuleelevane i Årdal troppa opp med til torgmøtet med næringsminister Ansgar Gabrielsen, Aps leiar for justiskomiteen Olav Akselsen og SV-leiar Kristin Halvorsen.

Her stilte stort og smått av Årdølar. Barnehagar, skular og arbeidsplassar stod tomme då folk gjekk mann av huse og strøymde til torget. Blant dei vaksne var mange i arbeidsklede, inkludert lensmann Kristen Olav Grøttebø som skifta ut uniformsjakka med arbeidsklede frå Verket då han bidrog til den kulturelle delen av arrangementet.

Dei mange frammøtte fekk høyre ein næringsminister som etter sin appell vart møtt av høfleg applaus og spreidd piping, medan Olav Akselsens og spesielt Kristin Halvorsens bodskap hausta monaleg større bifall.

Omstilling

Gabrielsen gav folket klar beskjed om si oppfatning av at regjeringa ikkje kan snu Hydro ved å tilby endra rammevilkår for den kraftkrevjande industrien.

— Men uansett kva Hydro bestemmer seg for, så vil storting og regjering bidra til at det som står på plakaten skal gå i oppfylling, sa næringsministeren frå podiet, med ei gruppe barnehagebarn rett framfor seg under parolen som var av den meir uskuldige sorten: «Alle som vil må få lov til å gå på jobb» .

Der årdølane er innstilt på å bruke alle krefter i kampen for modernisering, var oppmodinga frå Gabrielsen ei heilt anna.

Han påpeikte at dei no har tre år på seg før dei eldste hallane blir kopla ut, og oppmoda dei til å bruke tida til omstilling, og forsikra om at regjeringa vil bli ein aktiv bidragsytar i den samanhengen.

Hydros eige beste

— Eg har fått et firesiders brev frå Hydro der dei fortel om si avgjerd. Dette må vi berre ta til etterretning, seier Ansgar Gabrielsen til Bergens Tidende.

— Meiner du at Hydro har gjeve ei god nok forklaring på kvifor dei ikkje vil satse på Årdal og Høyanger?

— Dette er noko Hydros styre og konsernleiing gjennom fleire år har brukt store ressursar på å finne ut av. Dei har mange omsyn å ta, og eg stolar på at selskapet faktisk vil sitt eige beste, seier Gabrielsen.

Årdølane fekk derimot større støtte i sin moderniseringskamp frå representantane for Ap og SV.

— Regjeringa har sjølvsagt ikkje gjort nok for å få Hydro til å snu. Ansgar Gabrielsen har resignert allereie før han vart statsråd, sa Olav Akselsen etter å ha høyrt næringsministerens appell i går. - Men i ein slik situasjon bør likevel folk ha fleire tankar i hovudet samtidig.

— Betyr det at også du meiner det er for seint å snu Hydro i denne saka?

— Nei, det trur eg ikkje. Men jo lenger regjeringa er så passiv, jo verre blir det, seier Olav Akselsen.

<b>MEST POPULÆR:</b> Vi må gå ein ny runde med Norsk Hydro i denne saka, sa SV-leiar Kristin Halvorsen i sin appell i Årdal i går.
Oddleiv Apneseth