Arbeidsgruppene som har vurdert innsparingar i Helse Førde vil leggje ned sjukehuset i Florø og mesteparten av aktiviteten ved den psykiatriske sjukeheimen på Tronvik i Høyanger.

Nedbygginga av Florø-sjukehuset skal ta til alt i sommar. Bortsett frå ein psykiatrisk poliklinikk, litt lysterapi og tapping av blod til blodbanken blir alt anna avvikla. Dagens aktivitet skal overførast til dei andre sjukehusa i fylket, Førde, Lærdal og Nordfjordeid.

Ved Tronvik held drifta derimot fram stort sett som før til det er bygt ein institusjon for langtidspasientar i Førde. Når denne står klar, tidlegast i 2006, skal Tronvik ha att ein sikkerheitsavdeling med åtte sengeplassar for spesielt tunge psykiatriske pasientar. I dag er det kring 30 sengepostar på Tronvik.

Mange av dei som misser jobbane sine dei næraste åra, vil vere tilsette som i dag jobbar ved Førde sentralsjukehus. Grunnen er at dei som har kortast ansiennitet i helseføretaket må ut først. Framlegga som kom på bordet i går er tilrådingar til styret. I februar skal styret ha klart ei innstilling som blir sendt ut på høyring. Endeleg vedtak er venta å kome i april/mai.