– I gjennomsnitt skriv me ut udyktighetsattest til mellom to og fire sjømenn kvar einaste månad. Talet er høgt. Overvekt til sjøs er vorte eit reelt problem, stadfestar sjømannslege Emmie Knudtzon Snincak.

I sjokk

I ei ny forskrift som kom i 2002 skjerpa Sjøfartsdirektoratet kraftig inn på krava for å skriva ut helseattest til sjøs.

– Personar med kroppsmasseindeks (BMI) på over 35 vert nekta utreise. Er måltalet mellom 30 og 35, er det opp til legen å vurdera kvart enkelt individ, opplyser leiar Alf Magne Horneland ved Norsk senter for sjøfartsmedisin ved Haukeland universitetssjukehus.

Dei som vert sette på land reagerer med sjokk.

– Avskiltinga er ei stor psykisk påkjenning. Statusen som sjømann er i fare, den yrkesaktive karrieren kan vera over og økonomien verkar utrygg, forklarar Knudtzon Snincak.

Grensetilfelle kan likevel få innvilga fråvik frå regelverket og reisa ut på dispensasjon – om dei jobbar med å gå ned i vekt.

– Dette fungerer ofte som ein vekkjar for mange, seier leiar Ørn Terje Foss i Sjøfartsdirektoratet si fagnemnd, som behandlar dispensasjonssøknadene.

Skjerpa etter Rocknes

Sjømannslegen innrømmer ei strengare haldning til overvekt etter Rocknes-forliset 19. januar 2004.

– Ulukka gav oss ei påminning om kor viktig det er å flytta beina fort og koma seg gjennom tronge passasjar i ein krisesituasjon på sjøen.

Knudtzon Snincak fortvilar over at det er fleire års ventetid på slankeoperasjonar i Helse Vest.

– I løpet av ein så lang periode er sjukepengerettane forsvunne for lengst. Det betyr smalhans for mange. Langt fleire burde fått hjelp til å koma seg raskt tilbake i jobb. Mykje av ansvaret ligg etter mi meining hos helsestyresmaktene. Dei bør snarast råd akseptera at overvekt er ein sjukdom, seier Emmie Knudtzon Snincak.

Overlege Villy Våge ved Førde sentralsjukehus delar dette synet.

– Det er for ille at arbeidstakarar skal stå i fare for å enda i uføretrygd for ein tilstand som kan kurerast med til dømes kirurgi.

– Firkanta legar

Leiar Erik Bratvold i Norsk Sjømannsforbund tykkjer at Sjøfartsdirektoratet si forskrift er for streng.

– Mange av dei som i følgje forskrifta er overvektige, er sprekare enn dei fleste av oss. Og enkelte sjømannslegar er firkanta i tolkinga, seier han.

Likevel ser han verdien av å vera i god form til sjøs.

– Er du for tung til å flytta deg raskt, utgjer du ein fare for både deg sjølv, kollegaene dine og for skipet, seier Bratvold.

Alf Magne Horneland ved Norsk senter for sjøfartsmedisin fortel at sjømenn gjennomgåande er i dårlegare fysisk forfatning enn andre yrkesgrupper.

– Det vert lite mosjon om bord i eit skip. I tillegg har ein gjerne lett for å ta for seg av den gode maten som ofte finst til sjøs. På toppen av det heile er det påvist ein større prosent røykjarar blant sjømenn enn i yrkesgrupper på land.

Horneland er ikkje så imponert over BMI-tabellen. Den er for absolutt.

– Det bør vera funksjon som er avgjerande. Ikkje forholdet mellom høgde og vekt, slår han fast.

Silje Katrine Robinson