Klikk lenka i høgre marg for å lesa kva andre lesarar skriv eller laga ditt eige innlegg.

Så vidt vi kan lesa av namn og skriftspråk, er det mest bergensarar og hardingar som har engasjert seg. Ein attgangar hjå bergensarane er at dei vil ut i verda utan å køyra om Sogn. Men Christer Evensen meiner at Noreg alt har rikeleg med vegar mellom aust og vest, så steng likegodt Hardangervidda vinterstid.

Lars held på at skal det byggjast bru, så må det vera lenger ute i fjorden, mellom Belsnes og Vikingnes, og tre andre lesarar applauderer det synspunktet. Knut og Fredrik Opedal er to studentar, skriv dei, som har lyst til å flytta heim, dersom det berre hadde vorte lettare enn i dag å koma til og frå.

Torbjørn Hansen har blanda seg i ordskiftet frå sin plass på Stortinget. Hansen meiner at Hardangerbrua er bra for turismen.

Administrerande direktør Helge Møller i Reisemål Hardanger ristar litt i reiselivsforskar Ragnar Nordgreen, som hevda i BT tysdag at turistar helst vil reisa med ferje. Møller viser til ei reiselivsundersøking som Nordgren gjennomførde i Hardanger saman med studentar frå reiselivslina på Høgskulen på Lillehammer for eit par år sidan.

— Hardangerbrua var ikkje nemnt i undersøkinga. Det var derimot ferjene, og dei vart dømde nord og ned av turistane, skriv Helge Møller.