Elevane, som alle går i 3. klasse, vart smitta på klassetur til Bulgaria.

– Fire elevar har fått konstatert svineinfluensa, og 16 har influensaliknande symptom, seier rektor Kjell Arnestad ved Firda vidaregåande skule på Sandane i Gloppen kommune.

Elevane får ikkje kome tilbake på skuleområdet etter at legen har konstatert svineinfluensa. Dei fleste må vere i isolat ut veka for å unngå vidare smitte.

– Elevane som er frå kommunen reiser heim til familiane sine og blir isolerte der. For hybelbuarane har vi leigd eit lokale som kan brukast i ein overgangsperiode i tilfelle foreldra ikkje kan hente dei med ein gong, seier Arnestad.

Fleire av dei smitta er frå Jølster, Hyen og Førde. Dei får ikkje lov til å ta offentleg transportmiddel, og er avhengig av privatskyss.

Akkurat no er det ingen personar i isolatet, men fleire har vore der. Lokalet har plass til 7–8 elevar, og både internett og TV er tilgjengeleg.

Ingen alvorleg sjuke

18 av dei smitta går i same klasse på idrettslinja. Desse elevane kom heim frå klassetur til Bulgaria førre fredag. Måndagen etter var fleire sjuke.

– Korleis er tilstanden til elevane?

– Det er ingen som er alvorleg sjuke. Ein del har litt feber, og alle har sår hals og hoste.

Frykter fleire sjukdomstilfelle

Rektoren er uroa for at fleire skal bli sjuke.

– Det smittar veldig lett og veldig fort. Det blir spennande å sjå kor mange som er sjuke i morgon, seier Arnestad.

Han seier skulen var godt førebudd på at det kunne kome eit utbrot.

– Vi brukte tid på å lage ein plan for det eit par veker før skulestart, slik fylkeskommunen bad oss om. Planen fungerer greitt, og vi føler vi har god kontroll.

I klassen som er hardast råka av influensaen, er det berre seks friske elevar. For desse er undervisninga stoppa.

Tidlegare i sommar blei den nordiske 4H-leiren i Breim avlyst etter at det braut ut svineinfluensa. Då vart 59 personar sett i isolat.

Er du redd for smitte? Skriv gjerne ein kommentar.

Photographer: C. S. Goldsmith, Centers for Disease Control and Prevention