Etter 20 års beinhard kamp, med fire miljøvernministrar på befaring, meiner Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget det er på høg tid å lage bok, før mykje av stoffet går tapt.

Konfliktane sto i kø i 20 år, og frontane var beinharde mellom verne— og utbyggarsida, frå 1973 til 1993.

Gaularvassdraget i Sunnfjord og Alta var også dei to prosjekta tidlegare miljøvern- og statsminister Gro Harlem Brundtland aller minst likte å «ta i».

Resultatet veit vi; landets beste lakseelv Alta vart utbygd, etter at 500 politfolk vart sende til Finnmark i 1979. I ettertid har tidlegare riksadvokat Fredrik Rieber Mohn kalla Alta-utbygginga ein forvaltningsmessig skandale. Folk i NVE vart trua til å seia opp etter å ha lekka følsom informasjon om Alta til media.

I Gaularvassdraget, frå breen Jostefonn til Dalsfjorden, kom det ikkje så langt. Tida jobba for vernesida, og spora frå «politi-Alta» skræmde statsminister Gro Harlem Brundtland. Dermed vann vernesida tid og vassdraget i Sunnfjord hamna i Verneplan IV i 1993. Og der står saka i dag. Elva er verna.

I eit brev til Direktoratet for naturforvaltning søker Informasjonskomiteen om at staten dekker halve kostnaden på i alt 315.000 kroner til bokprosjektet. BT-journalist Terje Ulvedal skriv boka, som kjem ut på Selja forlag i Førde.