Offeret var i går fortsatt innlagt ved Haukeland universitetssjukehus, med brotskader i ansiktet.

— Vi har fått eit signalement av mannen som slo. Han var 170-175 cm høg, ca. 20 år, fyldig, med mørkt kort hår. Han var lys i huda, snakka bergensdialekt, og hadde ein gul hettegenser med svart eller grått merke, seier politioverbetjent Tove Lian Mathiesen.

Gjerningsmannen var i lag med ein annan mann, og dei sprang i retning brannstasjonen etter overfallet. Politiet ber alle som kan ha sett noko av interesse om å ta kontakt.