— Vel halvparten av pengane er allereie overført til advokatane, seier Per Inge Hjertaker, informasjonsansvarleg hos Jebsen Management.

Arbeidskontraktane sikra dei etterlatne ca. 60.000 dollar kvar. I tillegg blir det utbetalt 15.000 dollar pr. barn, med ei maksimumsgrense på 60.000 dollar for kvart besetningsmedlem.

— Det gjenstår framleis ein del sjekking av dokumentasjonen for å sikre at dei rette personane får utbetalt pengane, seier Hjertaker.