Summen er ført opp i handlingsplanen for Nasjonal Transportplan for perioden 2010-2015. Dei 180 millionar kronene er sette av til «nye prosjekt utanfor Bergen». Mellom desse er ny tunnel bak Tysse i Samnanger, Rv. 13 Bratlandsdalen og Rv. 565 på Radøy.

Men i merknaden til oppstillinga står det at fordelinga av dei 180 millionane er avhengig av om det må setjast av statlege midlar til Hardangerbrua.

I det ligg at Statens vegvesen vil bruka heile summen på Hardangerbrua dersom det trengst.

Skulle det koma så langt, vil Hardangerbrua fara med godt over halvparten av dei pengane som er sette av til «strekningsvise investeringar» i Hordaland utanom Bergen frå 2010 til 2015.

Tap på 350 millionar

Også fylkestinget har sett at statskroner kan koma vel med, og har vedteke å prioritera 115 millionar kroner til Hardangerbrua frå riksvegbudsjetta, om det skulle trengjast.

Og reserven kan vera god å ty til. Legg vi til grunn Norconsult sine siste prognoser for trafikken på Hardangerbrua, vil talet på bilar over brua vera 30 prosent lågare i 2020 enn det vegvesenet trudde før jul (1600 mot 2200).

Omrekna i bompengeinntekter kan det bety eit tap på 350 millionar kroner.

Men i Vegdirektoratet, der Hardangerbrua ligg no, let dei seg ikkje skræma så lett.

— Hadde vi lagt Norconsult sine tal til grunn, ville det fått store konsekvensar for planane om Hardangerbrua. Men vi har mange ulike tal framfor oss, i tillegg til at vi byggjer på eigne erfaringar, seier Lars Aksnes, direktør for utbyggingsavdelinga i Vegdirektoratet, til Bergens Tidende.

Bompengar i 15 år

— Ikkje minst er det viktig å ta med i vurderinga at Hardangerbrua vil vera eit fast samband som er ope døgnet rundt. I dag har vi nattferjer på Brimnes-Bruravik, men med lite trafikk. Vil brua gje auka nattrafikk?

— Vi har og røynsler for at mange gjerne køyrer omvegar for å ta ei fast samband, sjølv om det kanskje er tid å spara med ferje. Det skjer til dømes på Osterøy, seier Lars Aksnes.

— Vil Vegdirektoratet gå for bompengar i 17,5 år, slik fylkestinget i Hordaland vil?

— Det normale er 15 år, og vi vil helst prøva med det. Dei fem åra opp til 20 år vil vi gjerne ha «i reserve» dersom trafikktala skulle gjera det naudsynt å halda fram med bompengar lenger.

0,5 er 50 millionar

Lånerenta er og svært viktig for økonomien i Hardangerbrua. Hardangerbrua AS trur Vegdirektoratet vil gå ut frå ei rente på 6,5 prosent. Fylkesutvalet har gjeve fylkesrådmann Paul M. Nilsen fullmakt til å kjøpa ein såkalla renteopsjon, for å få så låg lånerente som råd.

— Eg har god tru på at vi kan få renta under 6,5 prosent, seier Paul M. Nilsen til BT. Han reknar med at 0,5 prosent ned betyr ei innsparing på rundt 50 millionar kroner.