Grunde Grimstad

Over høgttalaranlegget på flyet fekk dei vite at flyet ville lande på Gardermoen og passasjerane måtte ta buss til Bergen på grunn av flystreiken. Passasjerane slo seg til ro med svaret i god tru.

Men grunnen til at flyet landa på Gardermoen var at reiseselskapet allereie hadde sendt passasjerane på veg til Kreta over fjellet i buss. Desse bussane stod no og venta på å ta dei heimreisande over fjellet.

Lynsjestemning

— Då vi oppdaga at flyselskapet hadde lurt oss til å reise i buss når flyet likevel kunne landa i Bergen vart det fullstendig lynsjestemning i ankomsthallen. Mannen frå Britannia var rimeleg svett, fortel passasjer Arne Spurkeland.

-Det var familier med sjuke barn. Først sa han vi skulle ta buss, men då vi nekta skulle dei prøve å plassere oss på andre fly til Bergen. Så kom han og sa det ikkje var plass på flya likevel, og stemninga surna ytterlegare nokre hakk.

Saman med 28 andre valde Spurkeland og kona å bli med på bussen likevel, for å vere sikre på å kome seg heim. Dei var heime i Bergen klokka 02.30 natt til fredag, etter 17 timar på reise.

Beste løysinga

Jørn Kristiansen, dagleg leiar i Star Tour beklagar situasjonen, men meiner løysinga var den beste dei kunne finne.

— Vi var i eit dilemma på grunn av faren for streik i Avinor. Forhandlingane var framleis ikkje var avklara då flyet var i lufta. Hadde det blitt streik ville Flesland blitt stengt med umiddelbar verknad, og då ville ingen kome seg verken til eller frå flyplassen, forklarer han.

Dersom flyet hadde stått på Flesland når streiken sette inn, ville det blitt ståande der under heile streiken, og dei 187 passasjerane på veg frå Bergen til Kreta ville ikkje fått reise. I tillegg ville det medført store kostnadar og forseinkingar for reiseselskapet med eit fly ute av spel.

-Dette var kanskje ikkje den beste løysinga for absolutt alle, men det var definitivt den einast sikre løysinga for at alle skulle kome seg dit dei skulle, seier Kristiansen.

Men han har stor forståing for at gjestane vart sinte og følte seg lurt då dei oppdaga at Flesland likevel var open.

Enden på historia var at 29 passasjerar tok bussen. Ei stund etter at bussen hadde reist fekk Star Tour skaffa alternativ flyreise til alle dei andre 150 passasjerane, som var heime på Flesland kl. 20.40 og 23.00.

— Dersom nokon av gjestane våre synes dei har lidd urimeleg på grunn av dette, må dei henvende seg til Star Tour, så skal vi nok ordne det så fort som mogeleg, avsluttar Kristiansen.

<b>FRUSTRERT:</b> Arne Spurkeland(57) måtte ta buss til Bergen sjølv om Flesland ikkje var stengt.
Pål Engesæter