PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bergens-tidende.no

Begge erkjente å ha hacka seg inn på nettsidene til dei to mediebedriftene og deretter endra på innhaldet. Ein av dei er i tillegg dømt for å ha skaffa seg dei naudsynte passorda og brukarnamna nokre dagar for ungdommane saman gjekk inn og endra nettsidene til Aftenposten og SOL.

Desse opplysningane skaffa han seg ved å bruke pc’en på ein arbeidsplass til å gjere innbrot i SOLs passordbeskytta internettserver, der 18-åringen greidde å få ut ei kryptert fil med 160.000 passord. Av dette materialet klarte han å dekryptere rundt 1.600 passord, og desse passora kopierte han så over på ein cd-rom som han tok med seg heim.

I retten la dei tidlegare ustraffa tenåringane alle korta på bordet. Forhørsretten peikar i sin dom på at slike datainnbrot og skadeverk som dei to har erkjent, utgjer eit vesentleg samfunnsmessig skadepotensiale.

Særleg alvorleg ser retten på at den eine kopierte så mange passord over på ein cd-rom, og viser til det store skadepotensialet eit eventuelt seinare bruk av denne informasjonen kunne innebære.

Både tilståinga og den unge alderen er vektlagt som formildande omstende, men retten meiner samstundes at allmennpreventive omsyn talar for ein streng reaksjon.

Resultatet vart 45 dagars fengsel for den eine og 21 dagar for den andre. I tillegg må førstnemde betale fire tusen i bot. Begge fengselsdommane er på vilkår med to års prøvetid.