Klokka 02.57 i natt fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt gjennom autovernet ved ein Rema 1000-butikk i Måløy.

— Føraren var forsvunnen då politiet kom, men han blei seinare pågripen, fortel operasjonsleiar Kjell Fonn i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det blei tatt blodprøve av mannen, og han blei sett i arresten.