Den unge mannen kom til rette klokka 20.40.

— Han blei funnen gåande på veg heim, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen er i fin form etter fjellturen. Politiet kjenner enno ikkje detaljane i forhold til kor 18-åringen oppheldt seg.

— Han har gått ein lengre tur enn foreldra hadde regna med, seier Værøy.

Var vekke då foreldra stod opp

18-åringen blei meldt sakna av foreldra klokka 16.55.

– Ein 18-åring i Førde har reist ut på tur i dag tidleg, og er ikkje komen heim igjen. Foreldra er uroa for han, sa operasjonsleiar Inge Værøy til bt.no i ettermiddag.

Då familien stod opp i dag tidleg, hadde tenåringen allereie forlate heimen for å gå ein treningstur i fjellet.

55 deltok i søket

18-åringen er fjellvant, og skal vere relativt godt trent.

– Men han pleier ikkje vere vekke på så lange turar, som regel to-tre timar, seier Værøy.

I startfasen vart søket konsentrert rundt dei nærmaste fjelltoppane i forhold til bustaden, mellom anna Viefjellet og Førdsnipa.

21 personar frå Røde Kors, fire redningshundar, 30 frivillege, samt Luftambulansen deltok i søket.