Den fiskeriregistrerte kona (56) og ektemannen (59) fekk ikkje Sunnhordland tingrett sitt medhald i at bustehåra på hummarhalen kan reknast med i minstemålet på 25 cm. Retten går heller ikkje god for parets teori om at ukjente personar har plassert undermåls hummar i merden deira.

Etter tips om ein annan ulovleg hummarfangst kom Fiskeridirektoratets to inspektørar 30.oktober i fjor over parets merd i Husnes båthamn med 108 hummarar der 55 blei målte under 25 cm.

Dei tiltalte sa i retten at dei følgde prinsippet til hummarfiskaren dei var opplærte av om å rekna med den 2 — 10 millimeter lange busta på halen når dei målte hummaren. Ein slik målemetode hadde Fiskeridirektoratets inspektørar aldri høyrt om. Bustehårmetoden fekk heller ikkje gjennomslag i Sunnhordland tingrett.

Retten slår fast at det ulovlege fisket var grovt aktlaust på bakgrunn av at hummarbestanden er truga, men at det ikkje blei gjort med vilje. I tillegg til ei bot til kona på 7000 kroner og 10.000 til mannen, er begge dømde til 21 dagars fengsel på vilkår og i alt 4000 kroner i sakskostnader. Påtalemakta sin påstand var ei bot på 15.000 kroner på kvar, og 21 dagar fengsel på vilkår.