ARNE HOFSETH

Guten hadde ikkje køyrt langt heimefrå, då han kolliderte med ein lastebil på E16 langs Oppheimsvatnet like vest for Haugsvik .

Motorsyklisten kom over i feil køyrebane i ein høgresving, og vart drepen momentant. Sykkelen vart knust. Smådelar låg att på vegen og i grøfta, men det meste hamna på botnen av Oppheimsvatnet.

Det er lite som talar for at føraren av lastebilen kan lastast for ulykka. Politiet og bilsakkunnige granska ferdsskiva og an-dre spor rutinemessig. Det var ikkje glatt på vegen då ekspertane kom til, men det kan tenkast at nattefrosten ikkje hadde sleppt taket då ulykka hende ved 08-tida.

Voss vart råka av ei liknande tragedie i juli i år. Også den gongen omkom ein 17-åring på motorsykkel etter kollisjon med lastebil på Palmafossen, kort veg heimefrå og like ved skulen der gårsdagens omkomne var elev.

Lensmann Kåre Rykke på Voss seier til Bergens Tidende at han ikkje ser nokon klar samanheng mellom dei to ulykkene Han har ikkje statistikk som fortel om det er fleire motorsyklar på Voss enn andre stader, eller om det vert køyrt meir u-vøre.

Rykke fortel at det vart halde eit møte mellom politiet og leiinga for Voss Vidaregåande skule ettermiddag. Den omkom-ne var elev ved avdelinga på Bryn, der det vert planlagt korleis sorgarbeidet skal organiserast for skulen sin del.