166 innbyggjarar i Naustdal saksøkte kommunen for å få omgjort skatte-vedtaket dei meinte var feil og urettferdig.

Initiativtakar Joar Stegane seier til NRK Fylkesnytt at han er skuffa. Retten har grunngjeve si avgjerd med at det er stor variasjon i verdien på bustadane i kommunesenteret, samanlikna med utanfor sentrum. I tillegg legg retten vekt på at kommunen har liggande planvedtak som tilseier at sentrum vil få meir av eit byliknande preg.

For kommunen utgjer eigedomsskatten berre i år 500.000 kroner i inntekter, og ved full utnytting vil det gi nærare ein million kroner i inntekter, fortel Sp-ordførar Jan Herstad. Retten plasserar derimot Naustdal kommune i det nedre sjiktet av kommunar som kan krevje eigedomsskatt, fordi kommunen ikkje har noko påtrengande bypreg. Advokaten til kommunen, Harald Hjerman, seier at avgjerda vil få prinsipiell verknad, og trur dette opnar for at fleire andre kommunar no innfører eigedomsskatt.