• Det reelle talet er truleg ein god del høgare, seier dagleg leiar i Stiftinga Organdonasjon.

Ni av ti nordmenn seier ja til organdonasjon. Likevel blir det ikkje fleire donasjonar. I fjor døydde 16 som stod på venteliste.

— Det reelle talet er truleg ein god del høgare, seier dagleg leiar i Stiftinga Organdonasjon, Hege Lundin Kuhle.

Problemet med statistikken er at dei som står i køen for transplantasjon, blir fjerna frå ventelista når dei blir vurdert til å vere for sjuke.

— Dette gjer desse tala veldig vanskelege å gå inn i, det er nesten uråd å finne det verkelege talet.

Sjølv om det norske folk er positive til organdonasjon, ligg donortalet stabilt. Stiftinga trur flaskehalsen er på sjukehusa.

— Det store fleirtalet av det norske folk stiller seg svært positive. På Facebook har vi 180.000 tilhengarar. Vi hadde difor venta ein auke, men tala er stabile. Det var 102 donasjonar i fjor, nøyaktig likt 2009, seier Lundin Kuhle.

Hege Lundin Kuhle meiner det er openbert at problemet er å finne i ressurssituasjonen på dei 28 sjukehusa som er godkjende for organdonasjon.

— Alle desse institusjonane har ein ansvarleg lege, men arbeidet med organdonasjon gjer doktoren normalt i tillegg til vanleg jobb. Desse legane må kjøpast fri for å arbeide med donasjon. I tillegg meiner vi det må opprettast team på alle sjukehus av legar og pleiarar som får opplæring i å møte dei pårørande og snakke med pasientane.

Ho meiner alle sjukehus, også som berre har eit fåtal donasjonar i året, må ha slike team:

— Ein donasjon kan redde sju menneskeliv, understrekar Lundin Kuhle.