Det var i helga at nokon hadde grisa til Øyatun skule på Halsnøy med spraymaling og knust ruter på skulen.

— Meiningslaust skadeverk

  • Det var heilt meiningslaust hærverk, som berre går ut over medelevar og skuleøkonomien. I denne saka kan det vera snakk om hærverk for fleire titusenar av kroner i skadeverk, seier lensmann Jan Fosse i Kvinnherad til bt.no.

Lensmannen er godt nøgd med at dei no har teke to 16 år gamle gutar for skadeverket.

- Må stoppast raskt

— Det er viktig at vi stansar slikt raskt, slik at dei ikkje held fram med dette tullet her, meien lensmannen.

For fjorten dagar sidan vart det gjort skadeverk på ein benk og ein ballbinge på Omvikedalen skule. Her vart og dei skuldige tatt raskt.