Ulykka skjedde natt til 25. mai i år. 16-åringen hadde med ein kamerat i bilen, då bilen hamna på taket ved Eikås i Jølster. Føraren vart frakta til Førde sentralsjukehus med lettare skader, medan kameraten var uskadd.

I dag fekk 16-åringen dommen sin i Fjordane tingrett. Retten uttaler at berre flaks berga livet hans, skriv avisa Firda.

16-åringen vart funnen skuldig på alle punkt, og dømd til 45 timar samfunnsstraff, og ei bot på 7 000 kroner. Berre gutens unge alder gjorde at han ikkje måtte i fengsel.

I tillegg er førarkortet hans for moped drege inn, og han har fått sperrefrist for førarrett til motorvogn i tre år.