Uggdalsdalen og den gamle jernaldervegen mellom Uggdal og Onarheim er frå før eit vel kjent kulturområde, som snart skal visast fram for publikum som ein tursti med kart og forklaringar.

Begeistringa mellom arkeologane var likevel stor då dei tidleg i mai kunne grava fram keramikk— og våpenrestar frå år 300 – 500 e. Kr.

— Keramikkskåra stammar truleg frå to leirkar i gravkammeret, seier fylkesarkeolog Kjell Arne Valvik.

Gravrøysa er heile ti meter i diameter og stammar etter alt å døma frå ein framståande person på Tysnes på den tida. Beinrestar er det ikkje funne i grava enno. Det tykkjer arkeologane er noko rart, sidan det var vanleg å brenna lik i denne tidsepoken.

Kniv og spyd Jernrestane som er funne i gravkammeret stammar ifølgje arkeologane frå ein våpenkniv og eit spyd. Keramikkara frå yngre romartid har vore staselege med fin dekor.

I nærleiken er det før avdekt tuftene etter eit langhus frå eldre jernalder, om lag hundre år seinare enn perioden gravrøysa stammar frå.

Det er funne trekol i røysa, desse er sende til Trondheim for datering etter den radioaktivitetsbaserte C 14-metoden.

Eldste vegen i Hordaland

Gravrøysundersøkinga i Uggdalsdalen skjer i samband med kartleggingsarbeidet for kulturminna knytt til den gamle jernaldervegen, som kan vera ein av dei eldste vegane i Hordaland som framleis eksisterer.

Det er registrert om lag 25 meter av jernaldervegen, som ligg i traséen der den noverande vegen blei lagt på slutten av 1800-talet.

I området er det eit stort gravfelt med minst 20 røyser som enno ikkje er undersøkte. Feltet ligg på motsett side av elva i høve til den nyss avdekte gravrøysa.

— Eit veldig flott kulturområde, og eitt av dei største gravfelta i Hordaland, seier Kjell Arne Valvik.

Den planlagde turstien eller fortidsstien skal gå framom gravrøysene og over to vad i elva ved Uggdalsvollane. Etableringa av turstien skjer i samarbeid mellom grunneigarane, vegvesenet, Tysnes kommune og Hordaland fylkeskommune.