Terje Ulvedal

Landsforeningen for udelt og fådelt skule (LUFS) har siste vekene blitt nedringt av fortvila foreldregrupper som vil ha hjelp til å kjempe mot nedlegging.

— Eg har fleire telefonar kvar einaste kveld, fortel rådgjevar Torodd Fagerheim.

Organisasjonen, som baserer mykje av arbeidet sitt på rein dugnad, meiner det aldri har vore så sterkt trykk mot skulane som no.

Også store skular

— Sentraliseringstrykket nærmar seg sentrale strøk og gjeld stadig større skular. Mange trur at vi jobbar med skular med ein handfull elevar. Det vi ser no er at skular med frå 50 til 100 elevar er trua av nedlegging. Dette er skular som vi berre for få år sidan ville karakterisert som både livskraftige og moderne. Det ville ikkje ha falle oss inn å tenkje at dei skulle kome i faresona, seier Fagerheim.

Skulestrukturen blir i praksis avgjort når kommunane vedtek neste års budsjett. Det skjer i desse dagar, med kommune- og bystyremøte langs land og strand. Skulenedlegging er aktuelt i ei rekkje kommunar. Fagerheim kan ramse opp ein serie med vestlandskommunar der skulenedlegging er sett på dagsorden gjennom handsaminga av årsbudsjetta. Det finst døme på kommunar der både fem og seks skular kan bli stengde.

Nybygde skular

— Det skjer ein skulemassakre over heile landet. Vi har døme på kommunar som vurderer å leggje ned nybygde skular der det nyleg er investert store summar. Ofte har kommunane også fått statsmidlar til bygginga, seier Fagerheim.

LUFS meiner dette skjer fordi kommunane slepp å betale skuleskyssen. Den betaler nemleg fylkeskommunane og staten. Kommunane er dei einaste som tener på å leggje ned skular.

— Det framstår som god økonomi å leggje ned skular. Men det er berre fordi reknestykket ikkje omfattar skyssutgiftene. I realiteten er nedlegging av kvar einaste skule samfunnsøkonomisk fullstendig uforsvarleg, seier Fagerheim.

Organisasjonen har i fleire år prøvd å få departementet til å gå ut med kor mykje skuleskyssen kostar norske skattebetalarar. Men departementet meiner reknestykket er så komplisert, at det er uråd å framskaffe eit konkret tal.

— Dersom det på andre område i samfunnet ikkje er råd å gjere greie for pengebruken, blir det ropt på Riksrevisjonen. Men med skuleskyssen skjer ikkje det.

Skyss for fire milliardar

LUFS har sjølv stipulert kostnaden til mellom tre og fire milliardar kroner i året. Dei meiner det på denne måten skjer ei statleg subsidiering av skulenedlegging.

— Og skattebetalarane betaler rekninga, konkluderer Fagerheim.

Dei store taparane er likevel skuleelevane der stadig fleire får stadig lengre arbeidsreiser.

— Det som skjer er eit trugsmål mot heile kvalitetsomgrepet i skulen. For elevane er den lange reisetida direkte øydeleggjande for motivasjon, læring og helse.