• Alle dei sju kommunane som er med i Hardangerbrua AS har no gjort politiske vedtak eller tilrådingar om å stø brua med til saman 150 millionar kroner.

JOHN LINDEBOTTEN ARNE HOFSETH

Styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua AS opplyser til Bergens Tidende at Vegdirektoratet også har godkjent konsekvensutgreiinga for brua. Dermed er det Riksantikvaren si vurdering av ei mogleg gravrøys på Bu som er siste hinderet før ein bompengesøknad kan gå til fylkeskommunen og deretter til Stortinget (sjå BT 3/11).

Mange av kommunane opplever tronge økonomiske tider. Av den grunn deltok fylkesmann Svein Alsaker på eit møte med brukommunane tidlegare i haust.

Det står på viljen

— Vi diskuterte tekniske ting. Som til dømes kvar kommunane kan henta pengane og kva slags handlingsrom kommunane har i høve til ulike fond. Bergen kommune er underlagt ein forsterka kontroll frå fylkesmannens side. Voss har heilt klårt også økonomiske problem, men dersom den politiske viljen er til stades, så vil dette gå bra, seier Svein Alsaker, som legg til at han vonar Hardangerbrua vert bygt.

Dei sju kommunane, Bergen, Voss, Granvin, Eidfjord, Ullensvang, Ulvik og Kvam, betalar til saman 150 millionar kroner til Hardangerbrua. Det er litt under ein tidel av det brua er kostnadsrekna til. Hardangerbrua AS har bede dei sju brukommunane om bindande kommunestyrevedtak no i haust av omsyn til den samla finansieringspakken, som må leggjast fram for Stortinget saman med bompengesøknaden før Hardangerbrua kan takast opp som sak.

Låner 150 millionar

Einar Lutro opplyser til BT at dei vil ta opp eit lån på 150 millionar kroner samstundes med starten på anlegget.

— Dei sju brukommunane betalar så ned på dette lånet så å seia etter evne og vilje. Nokre betalar kontant, andre delar betalinga over nokre år, seier Lutro.

Den økonomiske børa til dei sju kommunane er ulikt fordelt. Nokre har betalt inn det meste for lengst, medan t.d. Bergen, Voss og Granvin har betalt inn, så tatt ut att pengane, og må no betala alt inn att. Pr. 4 november var dette status for dei kommunale bidraga:

Voss: Kommunestyret har vedteke å betala 6,6 millionar kroner til Hardangerbrua, under føresetnad av at Stortinget vedtek bygginga og finansieringa.

Eidfjord: Samrøystes tilråding i formannskapet: Eidfjord betalar restsummen, kr. 8,7 millionar, inn til Hardangerbrua AS 1. januar 2006.

Ullensvang: Kommunestyret har vedteke å betala ein rest på 2,5 millionar kroner over fem år.

Ulvik: Kommunestyret har vedteke å betala restsummen på 2,27 millionar kroner til Hardangerbrua AS 1. januar 2006.

Granvin: Formannskapet tilrår at Granvin betalar 5 millionar kroner til Hardangerbrua. Ein føresetnad er at Stortinget vedtek bygging og godkjenner finansieringa.

Kvam: Formannskapet tilrår å betala restsummen, 537.000 kroner, frå næringsfondet. Summen vert fordelt med 200.000 i 2006 og 2007, og resten i 2008.

Bergen: Finanskomiteen innstiller til bystyret å betala 33,4 millionar kroner til finansiering av Hardangerbrua. Før utbetaling må Stortinget godkjenna bygging av brua og finansieringsplanen. Bak vedtaket står Frp, KrF, H og Ap.