Mange av desse hyttene er blitt ledige på grunn av redusert tal studentar ved høgskulen i Sogndal. No blir det også asylmottak på Vesterland Feriepark..

Direktør Anders Knudssøn i operatøren Lopex seier at utfordringane blir store når 150 asylsøkjarar skal busetjast i sentrum.

Det blir flest einslege menn, truleg mange frå Pakistan, Somalia og Irak som kjem til Sogndal i haust.

Fleire i formannskapet ga i møtet med UDI og Lopex onsdag utrykk for at dei frykta auka kriminalitet i Sogndal.