I Sogn og Fjordane skal 37 bygdelag no få tilknyting. I Hordaland blir grendene i Indre Hardanger prioriterte i denne omgang. I alt har regjeringa løyvd 8,3 millionar kroner til statsinga i Sogn og Fjordane og 6,5 millionar i Hordaland.

Pakken som regjeringa lanserte fredag, omfattar 130 kommunar i heile landet. I alt er det løyvd 50 millionar kroner. Regjeringa reklamerer også med at dei alt no er gitt tilsegn og støtte på 30 millionar kroner til prosjekt som skal setjast i gang neste år.

Breibanddekninga i landet er no oppe i 95 prosent.

– Pengane som no er løyvde gjer at bortimot 30.000 nye husstandar og bedrifter får breibandtilgang, opplyser fornyings— og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Skodvin, Helge