Dei var begge to i fjøset og stelte dei 10 kyrne og 17 ungdyr då gigantskredet gjekk søndag kveld i 20.15-tida.

Skogen i fjellsida er ei slagmark etter skredet frå det over 1000 meter høge Laukifjellet i Oldedalen. Lufttrykket fra fonnvinden, som var full av lett tørr snø, auka det voldsomme presset og kunne merkast kraftig i husa også på andre sida av dalen, heile 600-700 meter unna.

Hadde vorte knust

— Det er ikkje tvil om at driftsbygningen eg og mora mi oppheldt oss i, hadde vorte knust om fonnvinden hadde kome 15-20 meter nærare bygningen, seier Gytri til Bergens Tidende.

No slapp han og familien med skrekken søndag kveld. Hogstmogen granskog ligg paddeflat; dei store trea vart knekt som fyrstikker. Stolpane på kraftlinja står halvt på skakke. Ein parkert bil vart kasta 60 meter i lufta, og delt i to bitar.

Var augevitne

Men skjebnen ville altså at driftsbygningen, med mor og son, unngjekk katastrofen med svært få meters margin mellom liv og død.

Pensjonert vegoppsynsmann Karstein Nesje i Olden var augevitne til gigantskredet. Han bur på andre sida av dalen, 600 meter frå der skredet stansa ved foten av Laukifjellet.

— Eg forsto straks kva som var i gang då eg høyrde den sterke lyden, såg ut glaset og følgde skredet dei siste sekundane. Det gikk lynkjapt frå fjelltoppen og ned. Eg var redd for husa til Gytri, for skredet bøygde av og gjekk faretruande i retning Gytri. Eg såg at driftsbygningen så vidt unngikk å bli tatt, seier Nesje til BT.

Aldri sett maken

Han har jobba 40 år i Statens Vegvesen, heile tida med bustad i Oldedalen: - Eg har aldri sett eit skred med slike krefter i fonnvinden. Eg merka ristinga også i huset mitt, 600 meter unna, seier han.

Raset var 250 meter breitt og inntil sju meter djupt. Gardane på Løken ligg på motsett side der vegen gjennom Oldedalen går fram til Briksdalen, og om lag to kilometer frå Olden sentrum.

VOLDSOMME KREFTER: Det enorme skredet knuste bilen i to og var berre 15 meter frå å knusa driftsbygningen til Odd Magne Gytri, der han sjølv og mora oppheld seg då skredet kom.
Foto: Øystein Torheim