Sogn tingrett slår fast at det var Madushanka Perera som sat bak rattet då bilen med fire ungdommar køyrde utfor vegen like ved sentrum i Balestrand natt til 25. juli i fjor.

Pereras bror omkom momentant. To jenter som var passasjerar fekk alvorlege skader og låg lenge på sjukehus etter ulukka.

Under rettssaka prøvde forsvararen å så tvil om det var Perera som køyrde bilen.

Etter å ha høyrt vitneforklaringane meiner tingretten det er bevist at 20-åringen sette seg i førarsetet få minutt før ulukka skjedde.

Sogn tingrett meiner årsaka til ulukka var høg fart, manglande køyreerfaring og alkoholpåverknad

Madushanka Perera er frådømt førerkortet for livstid.