Ein samrøystes høgsterett sa seg samd med vurderingane som Gulating lagmannsrett gjorde da dei dømte 42-åringen til femten års fengsel.

Dette inneber at også høgsterett karakteriserer drapet på sjukepleiestudenten som eit seksualdrap. I dommen viser retten til at Anne Slåtten gjekk på veg til arbeid tidleg ein søndagsmorgon like utanfor Førde serum, utan nokon grunn til å føle seg utrygg. Ho vart riven vekk frå vegen og utsett for eit seksuelt overgrep, og utsett for betydeleg vald idet domfelte prøvde å få av henne kleda.

«Domfelte fortsatte så voldsutøvelsen ved å holde et kvelertak rundt halsen hennes til hun var livløs. Hun har åpenbart følt stor redsel, etter hvert dødsangst. Handlingene er særdeles straffverdige», heiter det i dommen.

Det ligg ikkje føre nokon formildande omstende, meiner landets øvste domstol.