Politiadvokat Bjørn Larsen i Sogn og Fjordane politidistrikt meiner knivsaka er for alvorleg til å bli handsama i konfliktrådet.

— Det vil maksimalt bli snakk om betinga straff. Det kjem ikkje på tale å sende 15-åringar i fengsel, seier Larsen til Firda.

Den eine av dei to har alt fått si sak opp. Han er tiltalt for å ha bore kniv på skulen, men har så langt nekta for dette. Guten var også tiltalt for ei rekkje andre saker, mellom anna valdsbruk og grovt tjuveri.

Den andre 15-åringen har ikkje fått si sak beramma enno. Men i motsetnad til kameraten sin, har han erkjent å ha trua medelevar med ein fallekniv. Han drog kniven då han fekk ein snøball i hovudet.