Ein 15 år gammal gut frå Luster ligg på Førde sentralsjukehus med smittsam hjernehinnebetennelse.

Ungdomen blei send til sjukehus med luftambulanse måndag kveld. Kommunelege Knut Cotta Schønberg seier det no etter forholda står bra til, og guten ser ut til å klare seg fint.

Guten er elev ved den kombinerte barne— og ungdomsskulen på Hafslo, men det vil ikkje bli sett i verk spesielle tiltak ved skulen.

— Årsaka er at det var vinterferie sist veke, og vi vurderer difor faren som liten for at andre kan han blitt smitta, seier Schønberg.

Det er heller ikkje sett i verk andre tiltak i gutens nærmiljø.

Kommunelege Schønberg oppmodar likevel folk om å vere merksame på symptom på hjernehinnebetennelse i tida framover. Kvalme, oppkast, stiv nakke, hovudverk og utslett er der mest typiske symptoma.