Bergen treng 1500 nye heildagsplassar. Den nye utbyggingsplanen for barnehagane i Bergen skal i første omgang sikra tusen nye smårollingar plass innan 2003 er omme.

Til saman tolv barnehagar skal byggast i Bergen i denne perioden, dersom bystyret godkjenner planen. Av desse blir tre nye barnehagar kommunale, og resten private.

Særleg er behovet for småbarnsplassar prekært. Derfor skal det også byggast tilsaman 16 nye avdelingar på 14 kommunale barnehagar. I praksis inneber det 138 nye plassar for dei under tre år.

Summa summarum skal det bli plass til ytterlegare 700 små og 300 store born i bergensbarnehagane dei neste åra. Prislappen er 72 millionar kroner.

Tolv tomter i Bergen står klare for bygging av nye barnehagar. I tillegg vil Åsane gårds— og friluftsbarnehage kjøpa tomt i indre Sædalen, medan Studentsamskipnaden i Bergen skal bygga studentbarnehage på eiga tomt på Nattland. Dessutan arbeider kommunen med å finna ytterlegare to tomter i Arna og Åsane. Utbygging

Dei tre nye kommunale barnehagane skal byggast på Apeltun i Fana, i Indre Laksevåg og på Søreide i Ytrebygda bydel.

— Desse bydelane peikar seg spesielt ut når det gjeld behov for fleire barnehageplassar, seier byråd Anne Gine Hestetun.

Oversikt over dei nye barnehagene:

Klikker du på linken på høgre side får du ein oversikt over kor dei nye barnehagane kjem.

GLADE BARN: Glade barn i Nordås barnehage (FOTO: HELGE SUNDE)