Den langvarige striden mot smerter, mot mistruiske legar, forsikringsselskap og kommune starta i november 1987. På vaskejobb på Bua skule i Sveio kommune trødde ho feil og ramla ned ei trapp.

Sterkt forslått ana ho ikkje der og då kva helse— og haldningsmessige vanskar ho skulle møta. Randi Aronsen fullførte skulevasken denne dagen, og forstod ikkje før seinare kor alvorleg skaden var.

Over ein million

— Hadde eg den gongen visst alt eg måtte gjennom for å bli trudd og få oppreisning, veit eg ikkje om eg ville gjort det. Men heldigvis er eg sta, seier Randi Aronsen til Bergens Tidende.

If Forsikring, Sveio kommune sitt forsikringsselskap, greidde den 58-årige kvinna frå Eltravåg likevel aldri å overtyda om at det var samanheng mellom helseplagene og uhellet på jobben.

Det er Sveio kommune som no har betalt henne over ein million kroner i erstatning. Det skjer etter ei prinsippavgjerd i Arbeidsretten som gir høve til å gjera arbeidsgjevaren ansvarleg dersom forsikringsselskapet avslår utbetaling.

Med stadige legebesøk, sjukmeldingar og smertestillande medisinar heldt Aronsen fram med vaskejobben sin til ho i 1996 blei uføretrygda på grunn av yrkesskaden. Brusken mellom skivene i ryggvirvelen var betent og øydelagt. Randi Aronsen går enno regelmessig til smertedoktor annankvar månad for å få sett sprøyte i ryggen.

Fagforeining tek saka

Randi Aronsen fekk tilfeldig vita av ei venninne at ho kunne ha rett på yrkesskadeerstatning. Deretter fekk ho uvurderleg støtte i fagforeininga si. Kommuneansattes Fellesorganisasjon (KFO) har sidan 1998 ført Aronsens sak overfor If forsikring, Sveio kommune, forsikringsklagekontoret og forsikringsklagenemnda.

Først i 1997 - ti år etter skaden - hamna Randi Aronsens sak på bordet til rett forsikringsselskap. Då hadde Sveio kommune sendt inn Aronsens skadeskjema til to andre forsikringsselskap, som viste seg å vera feil adressat.

— Då saka etter lang tid kom inn til rett selskap, fekk eg avslag. I telefonen opplyste If om at vondt i ryggen var ein folkesjukdom. Dei viste til at eg hadde hatt isjias, fortel Randi Aronsen.

— Eg fekk tilvising til ein nevrolog i Oslo som tydelegvis stod på selskapet si side. Han spurte meg om alt anna enn plagene mine i ryggen. Ifølgje hans premissar feila det meg ingen ting.

— Selskapet var heilt avvisande. Og i Sveio kommune sa dei at dei ikkje var part i saka. Var det rart eg blei deprimert, når eg i tillegg ikkje fekk sova meir enn tre timar om natta på grunn av smertene? spør Randi Aronsen.

Sveio-kvinna fekk god hjelp mot smertene både hos kommunelege Trond Wirkola i Sveio og smertelege Nils Moe i Haugesund.

— Det blei prøvt både tablettar, hypnose, akupunktur, radiobølgjer og fysioterapi. Smertestillande sprøyte har vist seg mest effektiv. Den medisinen må eg nok leva med livet ut, seier Randi Aronsen.

VANN TIL SIST: Trass eit stygt fall på jobben vil ikkje kommunen sitt forsikringsselskap betala yrkesskadeerstatning til Randi Aronsen (58). Sveio kommune har likevel betalt ein million kroner, og reiser regresskrav mot If.
FOTO: OVE OLDERKJÆR