Armenaren blei kjørt på sjukehuset, totalt utmatta og tappa for krefter etter det umenneskelege opphaldet i ei dels overfylt glattcelle, skriv Haugesunds Avis.

«Eg vil bli behandla som eit menneske, ikkje som eit dyr», seier asylsøkjar Sama Asjot Gevorkov (43) til avisa. Politiet i Haugesund legg seg langflat for kritikken.

Gevorkov blei arrestert fordi opphaldsløyvet i Noreg var gått ut. Blant anna blei han fråteken madrassa si i den fulle cella og måtte liggja på betonggolvet.